KORT FORTALT
Det er vår oppgåve å sjå til at helseverksemdene har innretta verksemda slik at den er i samsvar med regelverka.
Vi fører tilsyn med alle verksemder som nyttar stråling til medisinske formål.
Ved norske helseverksemder vert det nytta ulike strålekjelder til diagnostikk og behandling. Strålekjeldene varierer alt frå enklare røntgenutstyr, ikkje-ioniserande kjelder slik som til dømes MR og laser, avansert røntgenutstyr som CT, lineærakseleratorar og radioaktive kjelder brukt i kreftbehandling.
Det er også eit vidt spekter av type verksemder som nyttar stråling og kan vere alt frå tannlegar, kiropraktorar, røntgeninstitutt til store helseforetak. Vi deler desse områda hovudsakeleg inn i diagnostikk, nukleærmedisin og strålebehandling.
Bruken av strålekjelder innan helsesektoren er omfattande og dekker medisinsk diagnostikk og behandling av pasientar, i tillegg til bruk av strålekjelder i screeningprogram for gitte sjukdomar, slik som til dømes brystkreft. Medisinsk strålebruk bidreg med ca. 25 % av samla befolkningsdose frå ioniserande stråling i Norge, ikkje medrekna stråleterapi.
Godkjenning
I Noreg har vi ei lovgjeving som skal sikre både pasienten, dei tilsette og publikum. Det er DSA si oppgåve å sjå til at helseverksemdene har innretta verksemda slik at den er i samsvar med regelverka.
Det meste av strålebruken ved helseverksemder er godkjenningspliktig etter strålevernforskrifta. Også verksemder som skal selje eller leige ut strålegivande utstyr treng å innhente godkjenning frå DSA. For at ei verksemd skal få ei slik godkjenning frå DSA, må verksemda dokumentere at dei oppfyller krava som er gitt i strålevernforskrifta. Til hjelp for verksemdene har DSA utarbeidd rettleiarar med retningslinjer og meir utfyllande informasjon om korleis strålevernet skal takast i omsyn.
Tilsyn
DSA driv tilsyn med alle verksemder som nyttar stråling til medisinske formål. Tilsyna kan anten vere større revisjonar eller mindre tilsyn på utvalde tema. Avhengig av omfanget, vil lengda på tilsyna variere frå korte dagstilsyn til tilsyn som går over fleire dagar. Dei fleste tilsyna vi gjer i helsevesenet er varsla på førehand, men vi kan også gjere umelde tilsyn og nettilsyn.
DSA har utarbeidd ein tilsynsstrategi som seier at vi skal føre risikobaserte tilsyn. Det vil seie at vi gjennomfører tilsyn der risikoen er størst.
Tema vi ofte fokuserer på under tilsyna er mellom anna:
- Organisering av strålevern i verksemda
- HMS-arbeid innan strålevern og implementering av strålevern i internkontrollen
- Kompetanse og ressursar innan medisinsk fysikk
- Medisinsk kompetanse
- Strålevernkompetanse
- Opplæring i strålevern, strålebruk og apparatspesifikk opplæring
- Berettigelse og optimalisering
- Kvalitetssystem og avviksrapportering (uønskte hendingar)
- Kvalitetskontroll og vedlikehald av apparatur
Under tilsyna kan det vere vi avdekker forhold som ikkje er i tråd med regelverket. Dette kallar vi eit avvik. Slike avvik må rettast av verksemda innan ein avtalt frist. Vi kan også gi merknadar/(anmerkninger), som er forhold vi meiner er viktig å peike på, men som ikkje er eit lovbrot. I etterkant av tilsynet vil vi utarbeide ein tilsynsrapport. Denne rapporten gjer vi offentleg.
Rettleiarar/Veileder
Som ei hjelp til verksemdene for korleis ein kan etterleve krava i strålevernregelverket, er det utarbeida rettleiarar innanfor dei fleste områda i medisinsk strålebruk.
- Veileder 5 Veileder om medisinsk bruk av røntgen- og MR-apparatur
- Veileder 6 Veileder om stråleterapi
- Veileder 10 Veileder om nukleærmedisin
- Veileder 14 Veileder om strålebruk innen odontologi
Meldesystemet
Dei fleste strålekjelder skal meldast inn i DSA sitt meldesystem for strålekjelder.