Gå rett til innhold

Straum og høgspent

FAKTA

  • Rundt høgspentlinjer og transformatorar oppstår det elektriske og magnetiske felt, som samla blir kalla elektromagnetiske felt, EMF. Det helsemessige fokuset har vore knytt til magnetfeltet.

  • Grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet i Noreg er 200 mikrotesla (µT) for befolkninga. Vi blir normalt ikkje eksponert for så høge verdiar.

  • Verdiane rett under dei kraftigaste høgspentlinjene vi har i Noreg, kan kome opp i 15–20 µT.

  • Den som planlegg oppføring av bustad, skule eller barnehage i nærleiken av høgspentanlegg, må greie ut om magnetfeltnivåa kan bli høgare enn 0,4 μT i snitt over året. Dette gjeld også for dei som ynskjer å oppføre eller oppgradere høgspentanlegg.