Gå rett til innhold

Strålebehandling 

Ved strålebehandling vert det gitt høge stråledosar. Det vert gjort kontrollar for å sikre korrekt behandling og rett mengde stråling.

Sist oppdatert: 18. oktober 2024 14:24

KORT FORTALT

Stråleterapi er ei form for kreftbehandling, der kreftsvulsten vert bestrålt med høg stråledose. 

Alle sjukehusa som tilbyr strålebehandling, må ha godkjenning frå DSA. For å få slik godkjenning, må verksemda vise at dei oppfyller krava som er gitt i strålevernregelverket.

DSA fører tilsyn med verksemdene som held på med strålebehandling. Dette gjer vi for å undersøke at sjukehusa har system som sikrar trygg og forsvarleg strålebehandling for pasientane og at strålevernet for dei tilsette er tatt i vare. 

Stråleterapi/strålebehandling er ei viktig form for kreftbehandling, på lik linje med kjemoterapi/cellegift, immunterapi og kirurgi. Formålet med strålebehandlinga er å øydelegge eller kontrollere kreftcellene og behandlinga vert gitt enten som einaste behandling eller i kombinasjon med andre behandlingsformer. Hensikta med behandlinga kan vere at pasienten skal verte frisk (kurativ behandling) eller behandlinga kan verte gitt som ein del av symptomforebygging og symptomlindring for pasienten (palliativ behandling).

Er du pasient eller pårørande som ønsker å lese meir om strålebehandling, kan du finne meir informasjon på Helsenorge.no eller på heimesidene til sjukehuset der du skal få behandling. 

Strålevern av pasient

Strålebehandlingsmaskinene sender ut stråling med høg energi. Strålinga rammar kreftcellene, men vil også treffe det friske vevet som ligg rundt kreftsvulsten. Det er derfor viktig at stråledosen er høg nok til å øydelegge kreftcellene, og samstundes låg nok til ikkje å skade dei friske cellene meir enn at dei klarer å reparere seg. Dette kan vere akutte skader (tidlege effektar) eller skader som kan kome i lang tid etter behandlinga (seineffektar). 

For å sikre at stråledosen til det friske vevet vert lågast mogleg, vert strålefeltet forma etter forma på svulsten og gitt med fleire ulike stråleretningar inn mot denne. Det er også viktig å unngå for høg dose til risikoorgan som ikkje toler for mykje stråling (hjarte, lunger, nyrer mv.).

For at det friske vevet skal klare å reparere seg, vert strålebehandlinga ofte delt opp i fleire behandlingsoppmøte der ein gir ein liten del av stråledosen kvar gong. Korleis strålebehandlinga skal gjennomførast, vert tilpassa kvar enkelt pasient og vil blant anna vere avhengig av type kreft og kreftsvulsten sin storleik, sjukdomsutbreiing og helsetilstand til pasienten.

Det er utvikla nasjonale, standardiserte retningslinjer for behandling for mange av dei ulike kreftdiagnosane.

Ved strålebehandling vert det gitt høge stråledosar, og det er viktig at denne dosen treff pasienten i det området der kreftsvulsten ligg. Det vil derfor vere mange kontrollar som vert gjort ved innstilling av pasienten for å sikre korrekt behandling. Det vert også gjort daglege kontrollar av behandlingsmaskinene for å sjekke at dei gir rett mengde stråling. Før pasienten kan starte strålebehandlinga, vert også den individuelle behandlingsplanen kontrollert og godkjent av onkolog (kreftlege), stråleterapeut og medisinsk fysikar.

Strålevern av tilsette

Strålinga frå behandlingsmaskinene har høg energi og lang rekkevidde og kan dermed utsette omgjevnadane for farleg stråling. For å sikre personalet mot unødig stråling, er derfor strålemaskina plassert inne i eit avskjerma rom. Veggar, tak og golv er bygd opp av eit tjukt lag betong som stoppar store delar av strålinga. Dette skal vere med på å sikre at arbeidstakarar og andre som oppheld seg utanfor behandlingsrommet ikkje vert utsett for stråledosar som er høgare enn dei grenseverdiane som er fastsett i strålevernregelverket. 

DSA si rolle

Det er ni sjukehus i Noreg som tilbyr strålebehandling. Alle desse sjukehusa har fått godkjenning frå DSA for å kunne utøve slik behandling. For at DSA kan innvilge ein godkjenningssøknad, må sjukehuset vise at dei oppfyller krav i strålevernregelverket. Dette kan dreie seg om system for korrekt pasientbehandling, system for kvalitetskontrollar av behandlingsmaskinene og at dei har personale med den rette kompetansen til å kunne utøve strålebehandling på ein trygg måte.

Sjukehuset må også legge fram planar for bygget der strålemaskinene skal stå og vise at behandlingsromma er tilstrekkeleg skjerma.

DSA har også ei eiga gruppe som jobbar med kvalitetssikring i stråleterapi (KVIST)