Gå rett til innhold

Kva slags klede gir best solbeskyttelse?

Skal du opphalde deg lenge i sola, er eit godt råd å kle på seg litt. Men det er ikkje likegyldig kva slags plagg du vel. Nokre fargar og stofftypar beskyttar betre enn andre.

Sist oppdatert: 23. januar 2024 08:08

KORT FORTALT

Klede generelt beskyttar godt, men ikkje alle beskyttar nok mot sterk sol.

Farga bomull gir mykje betre solbeskyttelse enn kvit bomull.

Tettvevde stoff gir betre beskyttelse mot UV-stråler enn laust vevde stoff. Tykt stoff gir betre beskyttelse enn tynt stoff.

Syntetiske plagg av til dømes polyester, får auka solbeskyttelse når dei blir våte.

Kvit bomull mister mykje av beskyttelsen når den blir våt. 

dame med hatt som titter ut over havet
Illustrasjonsfoto (Foto: Jens Kreuter/Unsplash)

Faktorar som påvirker UV-beskyttelsen i klede

DSA gjennomførte i 2021 ein laboratorietest av UV-beskyttelsen i eit utval vanlege klede. Testen viste store forskjellar frå plagg til plagg. 

Testen viste at det spesielt er tre faktorer som påvirker plaggets UV-beskyttelse:

  • Farge: Ein av dei viktigaste skilnadene er at farga stoff gir mykje betre solbeskyttelse enn kvitt stoff. Det behøver ikkje være heilt mørkt da det kan bli varmt, til dømes er orange eit godt val.
  • Strukturen til stoffet: Tettvevde stoff gir betre beskyttelse mot UV-stråler enn laust vevde stoff. Plagg du kan sjå gjennom når du held dei opp mot sola, gir ikkje god nok beskyttelse, sjølv ikkje om dei er farga.
  • Materiale: Syntetiske materialer som polyester har betre UV-beskyttelse enn bomull og lin. Disse plaggene får også auka solbeskyttelse når dei blir våte.

Testen viser at ein kan dele inn klesplagg i grove kategoriar, etter kor god solbeskyttelse dei har:

  • Laust hekla bomull (kniplingsaktig): UPF 3
  • Lette, lyse sommarklede i bomull: UPF ca. 6
  • Syntetiske t-skjorter og vanlege t-skjorter i bomull: UPF frå 20 og høgare
  • Tettvove dongeristoff: UPF 500 og høgare
  • UV-klede: UPF 200 og høgare

Mange av dei vanlege kleda, hadde utmerka beskyttelse og UPF i same klasse som UV-klede. Eit eksempel er ei tettvevd grøn t-skjorte i bomull med ein UPF på 120.

Kva er Ultraviolet Protection Factor?

Solbeskyttelsen målast i UPF (Ultraviolet Protection Factor). UPF angjev hvor effektivt klesplagget beskyttar mot UV-strålingen. Det svarer til solfaktor i solkrem, angjeven som SPF. Er UV-indeks 3 eller høgare anbefales klede med ein UPF på minimum 15.  Dersom det til dømes tek 10 minutt før ubeskytta hud blir raud eller lett solbrent, vil det under eit plagg med UPF=15 ta 10 min x 15 = 150 minutt før huden blir raud eller lett solbrent. Ein UPF på 50+ klassifiserast som utmerka beskyttelse. Spesiallaga UV-klede har ein slik beskyttelse. Slike klede er oftast badetøy, gjerne til born. 

Graf som viser at farga tøy har større UV-beskyttelse enn kvite
UV-beskyttelse i ulike klesplagg

Endret solbeskyttelse for våte klede

Testen viste at ei kvit bomullsskjorte mistet 75% av beskyttelsen når den vart våt, mens solbeskyttelsen i farga bomullstøy nærast ikke endres i vatn.

Eit overraskande funn er at syntetiske plagg av til dømes polyester, får auka solbeskyttelse når dei blir våte. Det skuldast truleg at stoffet ikkje trekk til seg vatn slik som bomull gjer.

Dei som trenar i sola i syntetisk treningstøy treng altså ikkje bekymre seg for å bli solbrent gjennom trøya, sjølv om ho blir våt av sveitte. Unntaket er viss stoffet er laust vevd, då slepp meir av UV-strålane igjennom. 

Graf som viser at det stort sett er større beskyttelse i våte plagg enn i tørre. Syntetiske treningsplagg som er våte beskytter aller mest.
Grafen viser at det er ulik UV-beskyttelse i plagg som er våte og tørre.
Oversikt over klede frå testen: ei rekke t-skjorter, skjorter, treningsoverdelar, bukser, badedrakt og eit telt
Her er ei oversikt over alle klede som blei testa.

Oversikt over alle testplagga og resultata.

Fant du det du lette etter?