Gå rett til innhold

Radonarbeid i kommunane

Kommunane har viktige radonoppgåver. Dei har blant anna ansvar for å føre tilsyn i skular, barnehagar og utleigebustader og for å gi innbyggarane god informasjon.

Sist oppdatert: 26. august 2020 12:27

Her har vi samla informasjon og rettleiing om nokre av dei oppgåvene kommunane har på dette området.

Tilsyn med skular, barnehagar og utlegiebustader 

Kommunane har ansvar og myndigheit til å føre tilsyn med radon i skular, barnehagar og utleigebustader. Dette følger av folkehelseregelverket. Til hjelp i dette arbeidet har Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) og Helsedirektoratet saman gitt ut ein rettleiar for kommunane. 

Radon i arealplanlegging 

I arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) og i kommuneplanar og reguleringsplanar er radon eitt av omsyna kommunane må ta. Å ta omsyn til radon vil seie å vurdere om eit planområde er utsett for radon, og om nødvendig knytte krav til, eller sette avgrensingar for, bruken av området.

Vi har laga ei oversikt over kva som gjer eit område ekstra utsett for radon, og kva for hjelpemiddel som er tilgjengelege for å vurdere dette. 

Det finst også ei rettleiing om korleis kommunen skal vareta omsynet til radon i arealplanlegginga, hos Miljødirektoratet.

Informasjon – kommunane sine nettsider 

Kommunane har ei sentral rolle i å informere sine eigne innbyggarar. DSA tilråder at alle kommunar har informasjon om radon på eigne heimesider. Mange kommunar har allereie dette, men nokre av dei manglar slik informasjon. Til hjelp har DSA utarbeidd eit forslag til tema som bør vere med, med tilhøyrande forslag til tekstar og lenker til utfyllande informasjon. Forslaget bør tilpassast lokale forhold.

Utkast til nettsidetekst:

Offentleg innsyn i radonmålingar 

Fleire kommunar har oversikter over radonmålingar som er gjort i samanheng med kartleggingar og liknande. Slike oversikter kan vere gjenstand for innsynsbegjæringar etter offentleglova. Det er alltid det organet som mottar innsynsbegjæringa, som på sjølvstendig grunnlag må gjere ei rettsleg vurdering av om ein skal gi innsyn, eller avslå heilt eller delvis. Vi får jamleg slike innsynskrav.

Ein artikkel i Miljø og helse 1 2014 beskriv korleis vi vurderer innsynskrav. 
 

Fant du det du lette etter?