Gå rett til innhold

Berggrunnskart

Ein del granittar kan innehalde høge konsentrasjonar av uran/radium. Område med slike bergartar kan vere radonutsette.

Sist oppdatert: 14. juli 2020 09:52

Radonproblema kan bli ekstra store når uran-/radiumrike bergartar blir sprengde og knuste for å planere ut byggetomta. 

Bruk av pukk og massar av uran-/radiumrike bergartar til bygningsformål vil kunne føre til radonproblem. Dette bør ein vere merksam når ein flyttar massar, og når ein etablerer pukkverk. 

I område med uran-/radiumrike bergartar er det også større fare for høge radonkonsentrasjonar i vatn til husstandar frå borebrønnar.

Bergart   Aktivitetskonsentrasjon av 
radium-226 (Bq/kg)  
Normal granitt 20-120
Uranrik granitt 100-600
Gneis 20-100 
Dioritt  1-10
Sandstein  5-60
Kalkstein  5-20
Skifer  10-120
 Alunskifer frå:
 - midtre kambrium 120-600
 - øvre kambrium – nedre ordovicium 600-5000
Alunskiferrik jord 100-2000
Morenejord  20-80 
Leire  20-120
Sand og silt 5-25

Konsentrasjon av radium i nokre vanlege nordiske bergartar og lausmassar. 
Å vurdere uran-/radiumrike bergartar og radonfare ved hjelp av berggrunnskart kan vere vanskeleg og krev geologisk kompetanse. Bergrunnskart aleine har liten informasjonsverdi, men kan vere nyttige til dømes saman med ei kartlegging av radon i inneluft. 

Meir informasjon

Noregs geologiske undersøking har aktuelle berggrunnsgeologiske kart: