Tilskotsordninga skal støtte opp om aktivitetar som bidrar til å redusere risikoen for alvorlege ulykker og radioaktiv forureining, og hindrar at nukleært og anna radioaktivt materiale kjem på avvegar.
Prosjekt som bidrar til atomsikkerheit i Ukraina vil vere prioritert for nye tilskot i 2023. Ein vil også kunne innvilge støtte til prosjekt i landa i Sentral-Asia og enkelte land i Aust-Europa. Med bakgrunn i Russland sin invasjon i Ukraina, er finansiering av prosjekt i Russland lagt på is.
Tilskotsmottakrane kan vere aktørar som bidrar til at dei overordna måla for tilskotsordninga vert oppnådd. Dette kan vere både offentleg og privat sektor eller sivilt samfunn.
Utanriksdepartementet har vedteke at atomhandlingsplanen 2018-2022 vert forlenga med eit år, med bakgrunn i ustabiliteten Russland sin invasjon i Ukraina har skapt. I løpet av 2023 vil vidare innretning av atomsikkerheitsarbeidet bli vurdert.
Ved spørsmål, kontakt:
Charlotte Birke, DSA
Ingrid Lillehagen, DSA
Meir om atomhandlingsplanen: atomhandlingsplanen.no