Gå rett til innhold

Svært lave nivå av radioaktivt jod målt i Finnmark og på Svalbard

Svært lave nivå av radioaktivt jod (I-131) er målt på målestasjonen vår på Svanhovd og på Viksjøfjell i Finnmark i veke 23 (2.– 8.juni). 

Sist oppdatert: 10. juni 2020 14:10

Konsentrasjonane som er målt er svært lave og nivåa som er påvist har ingen risiko for menneske eller miljø.  

Svalbard 

Både 7. og 8. juni vart det målt svært lave nivå av radioaktivit jod CTBTO-stasjonen på Svalbard. CTBTO overvakar prøvestansavtalen for atomvåpen. Stasjonen vert drifta av NORSAR og DSA analyserer data som kjem derifrå. Nivåa som er målt utgjer ingen risiko for helse- eller miljøskadar. 

Vi intensiverer overvåkinga av radioaktivitet i luft og held fram undersøkingar for om mogleg å finne ut kvar utsleppet stammar frå.