Konsentrasjonane som er målte utgjer ingen risiko for menneske eller miljø. Nivåa er rett rundt deteksjonsgrensa.
Svært låge nivå av radioaktivt jod (I-131) vart påvist på luftfilterstasjonen på Sola i Rogaland i veke 50, 9.-16. desember.
I veke 51, 24.-25. desember 2022, vart det påvist svært låge nivå av ruthenium-106 (Ru-106) på CTBTO-stasjonen på Svalbard som vert drifta av stiftelsen NORSAR.
Desse målingane har ikkje samanheng med krigen i Ukraina.
DSA har kontinuerleg overvaking for å oppdage radioaktivitet i lufta over Noreg, og det er ikkje uvanleg at DSA gjer slike målingar i løpet av eit år.