Safeguards inneber kontroll med nukleært materiale (uran, plutonium og thorium). Kontrollen skal forhindre at det nukleære materialet kjem på avvegar, og at det ikkje går føre seg skjulte aktivitetar med tanke på å lage atomvåpen. Noreg har gjennom ikkjespreiingsavtalen frå 1970 og sikkerheitskontrollavtalen, med tilleggsprotokoll, med IAEA forplikta seg til å ha kontroll med kor mykje uran, plutonium og thorium som er i landet og kvar det er.
Inspeksjonen som DSA og IAEA gjennomførte 3.-7. juni, var ein så kalla hovudinspeksjon som blir gjennomført årleg. Ved inspeksjonen vart det gjennomført kontroll av bestrålt og ubestrålt nukleært materiale ved atomanlegga i Halden og på Kjeller. Anleggsspesifikke data, informasjon om type aktivitet og forsking er viktige kontrolltiltak for å verifisere at det ikkje går føre seg udeklarerte aktivitetar. Sidan 2020 har det på grunn av tryggingsomsyn vore restriksjonar på handtering av brensel ved atomanlegga til IFE. Restriksjonane har no stort sett vorte fjerna, noko som gjorde at inspeksjonen kunne gjennomførast på ein god og effektiv måte.
Inspeksjonen ved dei to anlegga vart gjennomførte som planlagt. Inspektørane til IAEA og DSA var tilfreds med målingar, visuelle observasjonar og informasjon som IFE sine tilsette delte. IAEA-inspektørane var særleg tilfreds med å kunne gjennomføre inspeksjon i to interessante og historisk viktige anlegg. Inspeksjonen stadfesta at Noreg er i samsvar med dei internasjonale forpliktingane når det gjeld ikkje-spreiing av nukleært materiale.
Det blir gjennomført fleire safeguardsinspeksjonar i løpet av eit år. Både melde, som denne gongen, og uventa inspeksjonar, med 2 og 24 timars varsel. Inspeksjonane IAEA gjennomfører i Noreg er tilsvarande som blir gjennomført i mange andre land med dei same forpliktingane.