– Dette er den første strategien for handtering av radioaktivt avfall i Noreg. Strategien koplar viktige prinsipp og prioriteringar framover for oss som ansvarleg myndigheit, seier fungerande direktør Kristin Elise Frogg i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
DSA er ansvarleg myndigheit for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall, og har bidradd med å utarbeide strategien. DSA gir løyve til handtering av radioaktivt avfall etter forureiningslova, og kan gi rettleiing til verksemder, stille krav og føre tilsyn.
Alt radioaktivt avfall skal bli handtert trygt, sikkert og forsvarleg, i tråd med nasjonalt regelverk og internasjonale forpliktingar. Stråling frå radioaktivt avfall kan medføre risiko for menneske og miljø. Difor stiller DSA strenge krav til beskyttelsen av, og kompetansen hos, aktørar involvert i handteringa av radioaktivt avfall.
I dag kjem radioaktivt avfall frå ei rekkje ulike samfunnssektorar, som olje- og gassindustri, radiofarmasi, bygg- og anleggsbransjen, sjukehus, forskings- og utdanningsinstitusjonar, gruvedrift og annan prosessindustri. I åra framover vil oppryddinga etter atomverksemda på Kjeller og i Halden produsere mykje radioaktivt avfall.
Det er allereie i dag utfordringar med kapasiteten til å handtere radioaktivt avfall i Noreg.
– Det hastar å få på plass nye anlegg for å behandle, lagre og deponere radioaktivt avfall i Noreg. Strategien framhevar dette. Vi håper fleire aktørar vil sjå moglegheiter her, seier Frogg.
På oppdrag frå DSA, har Menon Economics utarbeidd prognosar for radioaktivt avfall fram mot 2100. Denne rapporten peiker òg på at det hastar å få på plass nye anlegg for radioaktivt avfall i Noreg, spesielt for avfall med menneskeskapte radioaktive stoff frå industrien, forsking, bruk i kreftbehandling og frå atomverksemd i Noreg.
Les meir om saka, og sjå heile strategien på nettsida til Klima- og miljødepartementet.