Avtalen blei underteikna 1. desember. Den inneber ei beskriving av rutinar for varsling og samhandling når det gjeld atomhendingar til sjøs, spesielt i samband med reaktordrivne fartøy eller ved fare for akutt radioaktiv forureining.
– Dette er ei viktig oppfølging av Noregs største atomberedskapsøving, Arctic REIHN, som blei gjennomført i år, seier direktør Per Strand i DSA.
Den auka aktiviteten i nordområda av reaktordrivne isbrytarar som blir nytta til kommersielle føremål på Svalbard og i Arktis, samt auka trafikk av reaktordrivne fartøy langs norskekysten, gjer avtalen svært aktuell.
– Vi har vore tidleg ute med å tenke på korleis vi kan handtere desse problemstillingane. Vi har allereie fått anerkjenning frå både EU og Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) på at dette er nybrotsarbeid i internasjonal samanheng, seier Strand.
Tiltak for å redusere akutt radioaktiv forureining er ikkje nødvendigvis dei same som for anna akutt forureining. Ved ei atomhending til sjøs må ein tenke på ein annan måte.
Kystverket har ansvaret for akutt forureining når den ikkje er radioaktiv, då er det DSA som har ansvaret. Avtalen beskriv korleis etatane skal samarbeide ved ei atomhending. Kystverket og DSA planlegg ei felles øving i 2024, basert på rutinane i avtalen.
– Vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har på dette området. Det er viktig å samordne og utnytte beredskapsressursane i samfunnet på ein effektiv måte, seier Strand.