Gå rett til innhold

Nasjonal strategi for strålevern og atomtryggleik 

I dag vart nasjonal strategi for strålevern og atomtryggleik lansert. Strategien skisserer Noregs internasjonale forpliktingar for strålevern, atomtryggleik og beredskap.

Sist oppdatert: 02. juli 2025 15:00

Gjennom den nye nasjonale strategien forpliktar Noreg seg til å halde oppe eit høgt nivå av strålevern og atomtryggleik for å verne helse og miljø mot negative effektar av stråling. Strategien inneheld ti mål og skal utgjere ein overbygning over andre strategiar, handlingsplanar og dokument som inneheld liknande tiltak.

Strategien er ein del av oppfølginga av IAEAs gjennomgang av norsk strålevern, atomtryggleik og beredskap i 2019. Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har samarbeidd om strategien.