Jordskjelvet, målt til 7,3, inntraff utanfor kysten av Fukushima i Japan. I området er det tre kjernekraftverk: Onagawa, Fukushima Daiichi og Fukushima Daini.
Ved Fukushima Daiichi vart ei pumpe slått ut, men den er no reparert og skal vere i full drift. Det er ikkje lekkasje frå vanntankane som lagrar radioaktivt vatn etter kjernekraftulukka i 2011.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om det blir aktuelt.
- Meir informasjon hjå det internasjonale atomenergibyrået: No Safety Concern at Nuclear Power Plants After Powerful Earthquake