Gå rett til innhold

DSA har målt svært låge nivå av radioaktivt cesium på Svanhovd og Viksjøfjell

DSA har målt forhøga, men fortsatt låge nivå av radioaktivt cesium (Cs-137) på luftfilterstasjonane våre på Svanhovd (9.-16. september) og Viksjøfjell (5.-12. september). Kilda er høgst sannsynleg skogbrannar frå Tsjernobol-området der gamalt nedfall blir virvla opp med ild og røyk og frakta over store geografiske område.

Sist oppdatert: 18. september 2024 16:40

Konsentrasjonane som er målte utgjer ingen risiko for menneske eller miljø. Ingen andre menneskeskapte radionuklidar blei påvist.

Filtera frå dei andre stasjonane i Noreg vert analyserte i dei komande dagane og det vil vere venta at fleire av dei også vil finne målbare verdier av Cs-137. DSA finn jamleg cesium ved alle luftfilterstasjonane i Noreg, og dette kjem ofte frå oppvirvla støv frå gamalt nedfall frå Tsjornobyl-ulykka. Denne gongen er det mest sannsynleg at det skuldast skogbrann rundt Tsjornobyl. Denne er no sløkt.

Ved slike skogbrannar vil nokre radioaktive stoff virvlast opp og fraktast vidare med vinden. Noreg har tidligare sett svært små mengder av radioaktivt cesium på våre luftfilterstasjonar etter slike brannar. 

– DSA har tett og godt samarbeid og god informasjonsutveksling med ei rekkje land, blant anna i Europa. I fleire europeiske land er det gjort tilsvarande funn som hos oss. Desse konkluderar med same årsak som oss. Dette er altså ikkje farleg, men vi er nøgde med at måleinstrumenta våre fangar opp sjølv dei minste variasjonar. Det gjer at vi kan følgje godt med og reagere om noe skulle skje, seier beredskapsdirektør Kjetil Longva.

DSA har kontinuerleg overvaking for å oppdage radioaktivitet i lufta over Noreg.