Gå rett til innhold

DSA-deltaking i unikt samarbeid om kjernefysisk nedrusting

I framtidige nedrustingsavtalar om kjernevåpen, vil det vere krevjande å verifisere at kjernevåpen faktisk blir destruert. Noreg er eitt av fire land som deltek i eit samarbeid der formålet er å utvikle metodar for å kontrollere at kjernefysisk nedrusting hender.

Sist oppdatert: 02. oktober 2024 11:18

Det kan vere vanskeleg å få stadfesta at kjernevåpen blir destruert. Det er grenser for kva ein kjernevåpenstat vil vise fram, og det er grenser for kva ein stat utan kjernevåpen kan lære seg om kjernevåpen. 

Er det likevel mogleg for ein stat utan kjernevåpen, som Noreg, å kunne stadfeste at nedrusting faktisk hender? Dette var tema for ei øving som nyleg vart gjennomført i Sandia National Laboratories i New Mexico i USA. Her deltok Noreg, Sverige, USA og Storbritannia. 

– Eit nytt og viktig element i denne øvinga var korleis ein kan bruke kontinuerleg overvaking av kjernevåpenanlegg for å kontrollere at det ikkje blir produsert kjernevåpen eller gjort vedlikehald på kjernevåpen i løynd. Tidlegare har øvingane innan nedrustingsverifikasjon hatt særleg merksemd på gjennomføring av enkeltinspeksjonar, seier seniorrådgjevar Styrkaar Hustveit i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). 

Frå Noreg stilte representantar frå DSA i tillegg til Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Institutt for energiteknikk (IFE) og NORSAR på øvinga. Om lag 40 deltakarar frå dei fire landa deltok. Anlegget ved Sandia National Laboratories, som ikkje lengre er i dagleg bruk, vart nytta for å simulere eit anlegg for produksjon og demontering av kjernevåpen. 

Øvinga kom som eit resultat av fleire års planlegging i nedrustings-samarbeidet Quad Nuclear Verification Partnership. Her deltek Noreg og Sverige i kraft av å ikkje ha kjernevåpen, medan USA og Storbritannia deltek i kraft av å vere kjernevåpenstatar. Samarbeidet vart danna i 2015, med formål om å utvikle metodar for å kontrollere at kjernefysisk nedrusting faktisk skjer. Partnarskapet er unikt på grunn av det tette samarbeidet mellom to statar utan kjernevåpen og to statar med kjernevåpen.

Det er venta at kontroll av at lovnader blir haldne gjennom verifikasjon vil spele ei sentral rolle i framtidige nedrustingsavtalar. Dette vil vere eit viktig tiltak for å byggje tillit og sikre openheit mellom partane. 

Utfordringane med å verifisere nedrusting av kjernevåpen er i stor grad knytt til nasjonale tryggingsspørsmål og tryggingskrav ved demontering og handtering av slikt materiale. Det handlar og om behovet for å sikre at det ikkje blir delt kunnskap om korleis ein lagar kjernevåpen, i tråd med ikkjespreiingsavtalen.