Sikkerheitskontroll (safeguard) er kontroll med materiale som blant anna kan brukast til å lage atomvåpen.
Verdas første inspeksjonen gjekk til Institutt for atomenergi (IFA) sin forsøksreaktor «N0RA» på Kjeller. DSA har i samarbeid med Institutt for energiteknikk skrive ein artikkel til IAEA sitt sikkerheitskontroll-symposium som tek for seg historia med utvikling av sikkerheitskontroll i Noreg frå 1950-talet og fram til i dag. Artikkelen vart presentert av DSA på symposiet.
Temaet for symposiet, som blir arrangert 31. oktober – 4. november, var «Reflecting on the past and anticipating the future». Det er blant anna 60 år sidan den første sikkerheitskontrollen ble gjennomført, 50 år sidan den første avtalen om sikkerheitskontroll tredde i kraft og 25 år sidan den første tilleggsprotokollen til sikkerheitskontroll-avtalen tredde i kraft.
Sikkerheitskontroll gjeld kontroll med uran (både opprika, naturleg og utarma), plutonium og thorium. Noreg har gjennom ikkje-spreiingsavtalen frå 1970 og andre internasjonale avtalar forplikta seg til å ha kontroll med kor mykje uran, plutonium og thorium som heile tida er i landet og kor det finst. DSA er ansvarleg for denne kontrollen i Noreg.