Gå rett til innhold

Innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta

Nye metodar er eit nasjonalt system for innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta.

Sist oppdatert: 11. juli 2022 09:48

KORT FORTALT

Nye metodar er eit system for innføring og utfasing av metodar i spesialisthelsetenesta.

Vi vurderer nye metodar for diagnostikk og behandling i medisinsk strålebruk sammen med Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk.

Vi blei fullverdig aktør i Nye metodar i 2014.

Nye metodar er eigd av Helse- og omsorgsdepartementet og blei etablert i 2013 for å med anna gi pasientar tryggleik for at dei metodane som blir innførte, er vurdert  med omsyn til effekt og sikkerheit, slik at pasientar så raskt som mogleg skal få tilgang til nye metodar som både er trygge og har dokumentert effekt. Dei regionale helseføretaka er sekretariat i Nye metodar, og Statens legemiddelverk og Folkehelseinstituttet greier ut effekt og sikkerheit i metodevurderingane.

Systemet skal òg sikre at metodar som ikkje har nødvendig dokumentert effekt, ikkje blir tatt i bruk eller blir tatt ut av bruk.

Heilskapleg nasjonalt system

Varsling av nye metodar (metodevarsling) og metodevurderingar inngår i eit heilskapleg nasjonalt system som sikrar gode arbeidsprosessar rundt prioritering, avgjersle og implementering av nye metodar i spesialisthelsetenesta.

DSA sine oppgåver i Nye metodar

DSA er medlem i nasjonal arbeidsgruppe, er observatør i referansegruppa og Bestillarforum RHF og deltar i ulike dialogmøte med bransjeforeiningane og dei regionale helseføretaka.
DSA skal blant anna sjå til at strålevernmessige omsyn (både HMS og pasientsikkerheit) blir varetatt i vurderinga av nye metodar som involverer medisinsk strålebruk og peike på eventuelle nødvendige forholdsreglar/tiltak slik at helsegevinsten overstig strålerisikoen.

I kva for metodevurderingar deltar DSA?

Det er tre typar metodevurderingar: mini-metodevurdering, hurtig metodevurdering og fullstendig metodevurdering.

DSA deltar som fagekspertar i strålevernspørsmål, det vil seie i vurderingar av alle nye metodar som nyttar stråling (apparatur, radiofarmaka), og metodar som erstattar metodar som nyttar stråling (sjølv om ny metode ikkje nyttar stråling). Vurderingane skal gjennomførast i nært samarbeid med dei andre aktørane i Nye metodar.

Døme på metodar der DSA bidrar i vurderingane, er bruk av partikkelterapi, strålekniv, tomoterapi, overgang frå konvensjonell røntgen til CT, testar som erstattar bruk av CT og ved all bruk av stråling i screeningprogram.

DSA bidrar også med å vurdere kva forslag til nasjonale metodevurderingar som er eigna, som aktiv part i hurtige metodevurderingar og fullstendige metodevurderingar.

Fant du det du lette etter?