Gå rett til innhold

Synleg lys og infraraud stråling

Optisk stråling kan vere skadeleg ved for høg eksponering. Optisk stråling er eit samlenamn på synleg lys, infraraud stråling og ultrafiolett stråling.

Sist oppdatert: 28. juli 2020 14:58

KORT FORTALT

Det finst naturlege og kunstige kjelder til optisk stråling.

Den viktigaste naturlege kjelda er sola.

Blant kunstige kjelder finn vi for eksempel laser, lysdiodar (LED), lysrør, glødelampar, infraraude kjelder i badstuer og varmelampar, intense lampar nytta i medisin (intenst pulsa lys, IPL), utstråling frå sveising mv.

Når vi får optisk stråling på oss, når strålinga huda og auga, men ho trenger ikkje inn til dei indre organa. For mykje optisk stråling kan skade huda ved at ho blir solbrent eller for varm. Auga kan utvikle grå stær eller få skadar på netthinna.

Her ser vi nærmare på synleg lys og infraraud stråling. Du kan lese meir om ultrafiolett (UV) stråling på temasidene våre om sol og UV.

Synleg lys

Den viktigaste kjelda til synleg lys er sola.

Effektar på huda

Synleg lys i moderate mengder påverkar ikkje huda i særleg grad. Men intenst lys kan føre til at huda blir varma opp. Enkelte stoff som vi får i oss eller på huda, kan reagere med lys og UV gjennom det vi kallar fotosensibilisering. Ved kontakt med slike stoff kan huda hos nokon reagere på lys med symptom som liknar på solforbrenning eller soleksem.

Det er funne stoff som reagerer på lys i mat, kosmetikk, medisinar, industrikjemikaliar og plantar. Meir enn hundre produkt står oppførte med fotosensibilitet som biverknad i Felleskatalogen. Er du usikker, sjekk med legen din om medisinane du tek, gjer deg følsam for lys.

Nokon sjukdommar og nokre naturlege stoff vi har i huda, kan også være følsame for lys.

Augeskadar

Normale lysforhold skadar ikkje auga. Auga er bygde slik at dei er beskytta mot for sterkt lys: Pupillen trekker seg saman, vi myser i sterkt lys, eller vi knip auga att eller snur oss bort om lyset blir for sterkt. Sterke laserar og intense blitzlampar, IPL nytta til behandling, kan ved uheldige omstende føre til alvorleg og permanent synsskade.

Medikament kan også bli samla i augelinsa, reagere med lys og gjere at grå stær utviklar seg raskare.

Blått lys

Blått lys i solspekteret og i lyskjelder verkar gjennom auga på ein slik måte at lyset regulerer døgnrytmen. Konsentrasjonen av søvnhormonet melatonin i blodet blir redusert, og kroppen og psyken innstiller seg på at dagen startar.

Ved svært sterkt blått lys og langvarig bestråling av auget kan det oppstå skadar på netthinna. Slike skadar er observerte hos folk som har sett på solformørkingar med utilstrekkeleg filter. Lenge trudde ein at skadane kom av at netthinna var blitt oppvarma ved at linsa hadde fungert som eit brennglas, men det er seinare vist at skaden oppstår ved at den blå delen av spekteret fører til kjemiske endringar utan noko oppvarming, og dette blir sett på som ein egen skademekanisme, kalla blålysskade.

Nyfødde som blir behandla med blått lys mot gulsott, får høge dosar og må bruke augevern under behandlinga. 

Når lys frå sterke lampar blir brukte i arbeidslivet, kan det oppstå risiko for augeskadar om lampane sender ut mykje blått lys, og folk i nærleiken ikkje beskyttar auga. Eit døme er tannhelsepersonell som driv med lysherding av fyllingar.

Laser

Ein laser sender optisk stråling i ein tynn strålebunt i eit smalt bølgelengdeområde. Laserar er nyttige i mange sektorar i samfunnet. Vi finn dei i medisinske klinikkar, hos nokon tannlegar, i industrien, og dei kan nyttast til å måle hastigheita på køyretøy.

Dersom laserstrålen blir fokusert på eit svært lite område, kan det gi ei lokal oppvarming. I tillegg kan strålen vere pulsa, og korte laserpulsar kan gi svært høg energi. Desse fenomena gjer at laserstråling verkar annleis enn normal optisk stråling der energitettleiken ikkje blir så stor. Helseeffektane på huda og auga kan derfor bli meir alvorlege etter eksponering for ein laserstråle. Om laseren er svak eller om strålen blir spreidd ut over eit stort område, verkar ikkje ein laser annleis på kroppen enn vanleg lys frå ein lampe.

Infraraud stråling

Infraraud stråling (IR) blir ofte kalla varmestråling og kjem frå omnar, bål og varme gjenstandar. Denne strålinga er ein del av det optiske spekteret som vi ikkje kan sjå, men som har lengre bølgelengde enn synleg lys.

Bruksområde

Badstue – IR-sauna: 

IR-saunaer varmar opp kroppen gjennom direkte stråling frå IR-element, utan at høg lufttemperatur og luftfuktigheit  er nødvendig. Det er neppe nokon biverknader med dette, bortsett frå at ein kan bli oppheta som i ei vanleg badstue. 

Varmelampar: 

Varmelampar sender ut IR-stråling i passe mengder for å halde ved lag kroppstemperaturen. Dei er ikkje helsefarlege, og riktig bruk av varmelampar i fjøs utgjer ikkje nokon helsefare for dyr. 
IR-stråling er også mykje nytta i samband med tørking/herding i industrielle prosessar.

Helseeffektar ved bruk av infraraud stråling

Vanleg bruk av infraraud stråling – varmeelement, IR-badstuer, terrassevarmarar eller industriomnar – fører ikkje til strålefare, men på nær avstand eller ved ekstremt høg intensitet kan det auke kroppstemperaturen og gi ei ubehageleg varmekjensle, smerte, heteslag, lokale hudforbrenningar eller augeskadar.
Dei kjende effektane av langvarig eksponering for IR-stråling er vedvarande raudfarge i huda som liknar solskadar og kroniske skadar på augelinsa. Vedvarande raudfarge i huda kan i sjeldne tilfelle føre til hudkreft, og kroniske skadar på augelinsa kan føre til grå stær.

Det har skjedd at glasblåsarar som står vende mot glødande masse mykje av arbeidsdagen gjennom mange år, har fått grå stær. 

I tilfelle der arbeidstakarar blir utsette for infraraud stråling, er det arbeidsgivar sitt ansvar å halde eksponeringa så låg som mogleg og i alle fall under grenseverdiane, sjå arbeidsmiljølova og forskrift om tiltaks- og grenseverdiar, kapittel 4 og 7 og vedlegg 3 og 4.

LED-lys

LED-lys (lysdiode) krev svært lite straum, samtidig som det gir langt meir lys og har om lag femti gonger lengre levetid enn ei ordinær lyspære.

Nokre LED-lys er veldig sterke og gir eit konsentrert lys. Dei svake typane som vi finn i små hovudlykter, i innandørs og utandørs belysning, er ufarlege og inneber ingen risiko for augeskade. Nokon meiner at LED-kjelder skaper meir blending enn konvensjonelle kjelder fordi dei er små og intense.

LED-lys med høgare lysstyrke, til dømes enkelte blå og kvite LED som blir nytta hos tannlegen, har sterk nok stråling til å forårsake blålysskade på auga. Tannhelsepersonell bør derfor bruke augevern, men normalt er ikkje LED farleg for pasienten. Du kan få augeskade viss du jobbar på verkstad og blir utsett for sterke lampar frå billys eller industrielle lampar.

Andre lyskjelder

Lyskjelder som berre er meint for belysning, har ikkje stort fokus hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, men dei kan ha risikomoment ved seg. Den internasjonale belysningskommisjonen, representert i Norge ved Norsk lysteknisk komité, har utarbeidd ein internasjonal standard som plasserer lampar i ulike kategoriar ut frå risiko for stråleskadar, NEK EN 62471. Vi vurderer ikkje om optiske kjelder er eigna til belysningsformål. For informasjon om belysning, sjå www.lyskultur.no