Gå rett til innhold

Kalibrering

Vi kalibrerer dosimeter på oppdrag frå sjukehus og andre strålebrukarar.

Sist oppdatert: 21. juli 2020 10:46

KORT FORTALT

Vi kalibrerer dosimeter.

Vi kan også kalibrere handmonitorar som blir nytta i strålevern på sjukehus, i industrien eller for beredskap. 

Fyll ut bestillingsskjema eller ta kontakt.

Kalibreringstenester

Ionisasjonskammer blir brukte som dosimeter for stråleterapi. Desse må ein kalibrere annakvart år. Storleiken absorbert dose til vatn blir tilrådd, men vi utfører også kalibreringar i kerma til luft. Strålekvalitetar for stråleterapi er kobolt-60 og CCRI-strålekvalitetar (røntgen). 
For å etablere representative dosar i konvensjonell røntgendiagnostikk blir det nytta DAP-meter. Desse blir kalibrerte i kerma areal produkt. 

Strålevernsinstrument blir kalibrerte i kerma til luft eller miljødosekvivalent. Strålekvalitetane kan vere kobolt-60, cesium-137, amerisium-241 eller ISOs røntgen-strålekvalitetar. 

Elektrometerkalibrering 

Dosimetrilaboratoriet utfører kalibrering av elektrometer. Elektrometer måler straum frå ionisasjonskammer. Kalibreringsområdet for straum er 5 pA til 50 nA.
Kalibreringa av elektrometer er sporbar til Justervesenet.

Måleoppdrag 

Personell ved SSDL kan gjere målingar ute. Det kan vere måleoppdrag i referansedosimetri, dosimetrirevisjonar og skjermingsmålingar.

Skjema for bestilling av kalibrering

Bestilling av kalibreringer sendes til Per Otto Hetland Per.Otto.Hetland@dsa.no med kopi til elisabeth.hansen@dsa.no 

Målsetting for dosimetrilaboratoriet

  • DSA skal ha operative normalar for å dekke dosimetribehovet i Noreg innan stråleterapi, røntgendiagnostikk og strålevern med sporbarheit og dokumentert kvalitet. 
  • Kompetansen til SSDL-personell blir halden ved like ved deltaking i nordisk dosimetrisamarbeid og møte, kurs og seminar arrangerte av EURAMET, IAEA og andre. 
  • Kvaliteten i måletenestene skal oppfylle faglege og administrative krav frå MRA som blir stilte gjennom EURAMET. 
  • CMC-ane skal spegle kalibreringstilbodet. 
  • DSA sine normalar skal kalibrerast kvart 5. år. 
  • DSA oppnår pålitelegheit til sine kalibreringer ved å samanlikne med nordiske og europeiske normalar. 
  • Målsetting for usikkerheiten til normalane er gitt i oversikter over kalibrerings- og måleevna. 
  • Arbeid på SSDL er kvalitetssikra etter NS-EN ISO 17025:2017.
     
Fant du det du lette etter?