Gå rett til innhold

Atomavfall

DSA fører tilsyn med at handteringa av radioaktivt avfall fra dei norske atomanlegga er trygg og sikker for menneske og miljø.

Sist oppdatert: 23. januar 2024 10:17

KORT FORTALT

I tillegg til å vere tilsynsmyndigheit, er DSA også fagmyndigheit når det gjeld å vurdere kvaliteten på planlegging og undersøking knytt til handtering, inkludert behandling, lagring og deponering av atomavfall. 

Radioaktivt avfall frå dei norske atomanlegga, inkludert brukt brensel, vert lagra på Institutt for energiteknikk (IFE) sine anlegg på Kjeller og i Halden. Det finst eitt nasjonalt anlegg for lagring og deponering av låg- og mellomradioaktivt avfall, KLDRA Himdalen.

Samanlikna med kjernekraftnasjonar er mengda av radioaktivt avfall frå atomanlegg i Noreg svært avgrensa.

Det norske atomavfallet

Brukt brensel

Dette er materiale som Institutt for energiteknikk (IFE) brukte som brensel for å drive forskningsreaktorane på Kjeller og Halden. Dette avfallet er høgradioaktivt. Det er omtrent ca 17 tonn brukt brensel i Norge som krev løysing for behandling, lagring og deponering.

Mengda brukt brensel i Noreg er lite samanlikna med land som har ein kjernekraftindustri. Sverige har til dømes lagra meir enn 7000 tonn brukt brensel frå sine kjernekraftverk.

Det norske brenselet er brukt til forsking, så det har ein stor variasjon i sammensetnad, tilstand og eigenskapar samanlikna med brensel brukt i kjernekraftverk. Dette gjer at handteringa av det norske brukte brenselet er ei kompleks oppgåve.

Radioaktivt avfall

Radioaktivt avfall kan vere klede, delar eller utstyr som er blitt ureina av radioaktivitet. Dette avfallet inneheld ofte langt mindre radioaktivitet enn det brukte brenselet. Det vil også genererast mykje radioaktivt avfall under oppryddinga av den nukleære verksemda til IFE. Kor mykje avfall som vert generert vil avhenge av planane som vert lagt for oppryddinga. Det aller meste av dette avfallet vil vere lav- og mellomradioaktivt.

Kvar vert det norske atomavfallet lagra? 

Det norske atomavfallet vert lagra to stader:

  • Lager på Kjeller og i Halden
    Brukt brensel frå atomreaktorane i Noreg vert førebels lagra på Kjeller og i Halden. Det er ikkje bestemt kvar det brukte brenselet frå de norske forskingsreaktorane skal sluttlagrast.

  • Lager på Kjeller
    Noko radioaktivt avfall blir lagra ved IFE sine anlegg på Kjeller før det vert deponert. Radioaktivt avfall som ikkje kan deporterast i Himdalen vert lagra på Kjeller i påvente av ei deponiløysing

  • Kombinert lager og deponi for lavt- og mellomaktivt radioaktivt avfall (KLDRA) i Himdalen
    Hovudmengda av avfallet deponert ved KLDRA Himdalen er radioaktivt avfall frå industri, forskingsinstituttet, sjukehus, Forsvaret, og enkelte forbruksartiklar som ioniske røykvarslarar. Anlegget inneheld også radioaktivt avfall frå drift av forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden.
    I tillegg vert radioaktivt avfall lagra i Himdalen i påvente av ei endeleg deponeringsløysing.

Meir informasjon