Gå rett til innhold

Tidlegare innsatsområder

Noreg har hatt eit omfattande samarbeid med Russland om atomtryggleik i Nordvest-Russland. Samarbeidet starta på byrjinga av 1990-tallet og vart frose etter at Russland gjekk til fullskala-angrep på Ukraina i 2022.

Sist oppdatert: 04. august 2023 09:00

I løpet av desse om lag tretti åra samarbeida Noreg og Russland om ei rekke prosjekt som bidro til atomhandlingsplanens mål om å redusere risikoen for alvorlege ulykker og radioaktiv forureining, og å hindre at nukleært og anna radioaktivt materiale kjem på avvegar.  

Våpenkappløpet under den kalde krigen førte til produksjon av store mengder radioaktivt materiale i Sovjetunionen. Ein stor del av dette blei lagra under dårlige sikkerhetsmessige forhold, med fare for helse og miljø.  

 Mykje av arbeidet har og vore gjennomført i samarbeid med andre land og internasjonale aktørar, inkludert det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), den europeiske utviklingsbanken (EBRD) og G7s partnerskap mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen og materiale.  

Fjerning av radioaktive batteri i fyrlykter 

I det tidlegare Sovjetunionen blei det utplassert litt over 1000 radioaktive strontiumbatteri for å drifte fyrlykter og sjømerke. Batteria er blant dei farlegaste radioaktive kjeldene som finst. Manglande fysisk sikring av kjeldene gjorde dei tilgjengelege for uvedkommande. Dei radioaktive kjeldene i fyrlyktene blei fjerna og erstatta med miljøvennleg solcelleteknologi. Noreg finansierte fjerninga av 251 radioaktive kjelder i Nordvest-Russland og i Austersjø-området. Russland stod sjølv for fjerning og sikring av dei fleste av dei over 1000 kjeldene. I tillegg til Noreg  bidro også USA, Frankrike, Canada, Sverige og Finland. 

Opphogging av ubåtar 

I løpet av den kalde krigen bygde Sovjetunionen verdas største ubåtflåte, og på 80- og 90-talet blei mange av atomubåtane tatt ut av drift. Dei utrangerte atomubåtane inneheldt kjernebrensel og var i dårleg stand. Det brukte kjernebrenselet representerte derfor ein trussel mot land- og havmiljøet i nord.  

Frå 2003 til 2009 finansierte og medverka Noreg til opphogging av fem av desse ubåtane. Russisk og internasjonal innsats førte til at ca. 120 utrangerte atomubåtar i Nordvest-Russland blei tatt hand om på ein forsvarleg måte. Russland har sjølv finansiert opphogging av dei fleste ubåtane. Kjernebrenselet i ubåtane blei transportert til Majak-anlegget i Sør-Ural for handtering og avfallsbehandling.  

Andrejevbukta 

Andrejevbukta på Kolahalvøya, berre fem mil frå Noreg, er rekna som ei av dei største og farlegaste samlingane av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i verda.  

Andrejevbukta var ein sovjetisk militær servicebase kor det brukte kjernebrenselet i atomubåtane blei bytta. Her vart store mengde brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall handtert og lagra. Etter at drifta ved anlegget vart avslutta, blei det gjort minimalt vedlikehald og delar av området er sterkt forureina. Det brukte brenselet er ei mogleg fare for forureining til land- og havmiljøet.   

Noreg og Russland gjennomførte ei rekke prosjekt saman i Andrejevbukta. Mellom anna blei det gjennomført utbetring av den fysiske sikringa av anlegget, kartlegging av forureining og tiltak for å legge til rette for forsvarleg strålevern for arbeidarane ved anlegget. Norsk innsats har og bidrege til infrastruktur for uttak og sikker uttransport av det brukte kjernebrenselet.  

I 2017 gjekk den fyste transporten av brukt kjernebrensel ut frå Andrejevbukta. Sidan har om lag 50% av det brukte kjernebrenselet i Andrejevbukta blitt fjerna. Brenselet blir transportert til Majak-anlegget for handtering og avfallsbehandling.  

Russland har meddelt at dei heretter sjølv vil følge opp dette arbeidet, og at målet framleis er alt brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall skal vere fjerna frå Andrejevbukta i løpet av 2028.  

Noreg har vore det viktigaste samarbeidslandet for Russland når det gjeld atomsikkerhetsprosjekt i Andrejevbukta. Andre aktørar som har vore aktive er Storbritannia, Italia, Sverige, EU-kommisjonen og Den nordlege dimensjons miljøutviklingsfond, som har blitt administrert av Den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling.  

Samarbeid om miljøovervaking 

Fram til 90-talet brukte Sovjetunionen og seinare Russland dei nordlege havområda som dumpingplass for brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall, både når det gjeld konteinarar med radioaktivt avfall og reaktorar med brukt kjernebrensel. Utslepp frå sokne og dumpa atomubåtar i Barentshavet og Karahavet kan forureine det marine miljøet og true ryktet til fiskerinæringa.  

Saman med russiske partnarar har det blitt gjennomført konsekvensvurderingar av moglege effektar på helse og miljø frå desse objekta med tanke på moglege radioaktive utslepp. Ei EU-studie frå 2020 konkluderer med at dei to ubåtane K-27 ved Novaja Semlja og K-159 ved utløpet av Murmanskfjorden utgjer størst fare for framtidig forureining. Russland har sagt at dei vil gjennomføre undersøkingar av desse ubåtane med tanke på ei mogleg framtidig heving. 

Norske og russiske forskarar har gjennomført fleire felles tokt til havområda i nord for å kartlegge mogleg forureining. Konklusjonen så langt har vore at den radioaktive forureininga i dei undersøkte områda er låg, men at det er risiko for framtidig forureining.  

Noreg og Russland hadde eit langvarig felles overvakingsprogram både på land og til havs som har gitt innsikt i radioaktiv forureining i miljøet over tid. Noreg fylgjer no opp denne miljøovervakinga i norske område.  

Beredskap 

Noreg og Russland undertekna ein avtale om tidlig varsling av atomhendingar i 1993.  
Under avtalen har det blitt utveksla informasjon om nukleære anlegg og andre tema som er relevant for atomberedskapen i Noreg og Russland. Samarbeidet har og inkludert felles beredskapsøvingar i både Noreg og Russland. Testing av systema for tidlig varsling under varslingsavtalen har halde fram også etter Russlands angrep på Ukraina i 2022. Dette er viktig for Noregs eigen atomtryggleik. 

Kjernekraftverk 

Noreg har bidratt til finansiering av tryggleikstiltak ved Kola og Leningrad kjernekraftverk, då ei alvorleg ulukke ved desse kraftverka kan gi akutte helseskadar og langvarige konsekvensar. Noreg har ikkje finansiert tiltak som har hatt til hensikt å forlenge levetida til atomreaktorane, men lagt vekt på prosjekt som har gitt auka tryggleik ved normal drift og i kriser. Tiltak som har bidratt til fysisk sikring ved anlegga for å hindre at radioaktivt materiale kan kome på avvegar har og blitt støtta. I perioden med samarbeid var det ein stor nedgang i talet på sikkerheitsrelaterte hendingar og graden av alvor i hendingane har og gått ned.  

Samarbeid mellom styresmakter innan strålevern og atomtryggleik

Gjennom samarbeidet med russiske styresmakter og institusjonar har Noreg bidratt til å styrke Russlands utvikling av regelverk, prosedyrar og bidratt til ei meir transparent forvaltning. I samarbeid med relevante styresmakter har det blitt utvikla strategiar, regelverk og prosedyrar slik at brukt brensel og radioaktivt avfall kan sikrast og fjernast på forsvarleg måte. Særleg fokus har vore på Andrejevbukta og serviceskipet Lepse, som låg til kai i Murmansk med eit stort lager av brukt kjernebrensel om bord. Alt brukt kjernebrensel er no fjerna frå Lepse. Dette har vore eit viktig tiltak for å auke atomtryggleiken i nordområda.  

 

Fant du det du lette etter?